Tambar vann toppkampen mot Dale

Tambar J15/17 vann sin tredje kamp for sesongen, i 16.mai kampen på Dingemoen

J15/17 9er
Dingemoen kunstgras

Dale-Tambar 0-2 (0-1)

0-1 Fride Ask Nordnes
0-2 Trine Standal

Desse spelte for Tambar:
Cerina Hjelle Cirotzki
Guro Ask Nordnes
Agathe Abrahamsen Slettehaug
Una Claussen Thingnes
Amalie Fimland Dvergsdal
Fride Ask Nordnes
Trine Standal
Elise Dobbe Personbråten
Henriette Maria Strømsøy Grimset
Julie Seljeseth Øverland
Mathea Victoria Nigardsøy
Victoria Folkestad
Silvia Røyseth Bruflot
Kamilla Falkenstein Grønfur

 

Det var duka for toppkamp på Dingemoen mellom jentelaga til Dale og Tambar på fotballens nasjonaldag, 16.mai.

Kampen var litt "ta og føle på" det første kvarteret, der ingen av laga skapa så mykje framfor dei to keeperane. Men etterkvart tok Tambarjentene meir tak i kampen og det meste foregjekk på heimelaget sin banehalvdel.
Og etterkvart kom også Tambar til fleire gode målsjanser. Blant anna fekk vi sjå flott angrepsfotball frå dei gulkledde då ballen til slutt hamna bak Dalekeeperen. Dessverre vart målet annulert for offside.

Men jentene var no skikkeleg på gang, og rulla opp det eine angrepet etter det andre. Og fortent er det når Tambar endeleg får hull på byllen og går opp i 1-0 leiing. Og for ein susar av eit mål, der Fride klinker ballen i tverrligger og i nota, uten sjanser for ein utspelt Dalekeeper.
Dette vert også stillinga til pause.

I andre omgang fortset Tambar der dei slapp i første, og hadde rimeleg god kontroll på heimelaget. Sjølv om Dale var frampå ved eit par anledninger med gode forsøk, var det Tambar som skapte dei fleste og største målsjansane.
Og det small høgt på kunstgrasbana på Dingemoen då Fride på ny fekk godt treff på ballen. Som eit prosjektil enda ballen i krysset med eit smell. Ballen sprett hardt ned, treff keeper og går utover dødlinja millimeter på utsida av målstanga.

Etter mange målsjanser til Tambar, blir det Trine som får sette inn kampens andre mål til jentene. Etter litt fram og tilbake inne i feltet, havner ballen hos Trine, som kontrollert og presist set ballen til sides for keeper og i mål.

Tambar speler ein svært god kamp mot Dale i kveld, der heimelaget mønstrer mange 16 og 17 åringar i troppen sin. Sjølv om kampen var jamnspelt dei første minutta, var det Tambarjentene som hadde det beste spelet og som skapte mest.
I tillegg til den faste gjengen av 15 åringar som er stammen på jentelaget til Tambar, hadde trener Personbråten teke med seg fleire av 14 åringane til Tambar til kampen mot Dale.

Resultater og tabell

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse