Jentelaget med storseier mot Jølster onsdag kveld

Tambar J15/17 tok sin andre seier for sesongen, av to, då laget vann med solide 7-0 mot Jølster.

Etter siger i første kamp borte mot Gaular 1, var det knytt stor spenning til jentelaget sin sesongdeby heime på Naustdal stadion. Mange tilskuarar var møtt opp og etter kvart vart stemninga betre og betre på tribuna og rundt bana.

Jenter 15/17 9ar avdeling 2 vår
Naustdal stadion

Tambar-Jølster 7-0 (3-0)

1-0 Una 
2-0 Kamilla 
3-0 Elise 
4-0 Elise
5-0 Fride 
6-0 Ingrid Marie 
7-0 Fride

Dommar: Michael Johannessen
Meget bra jobb av dagens dommer, trygg ledelse av kampen!

Motstandar i kveld var Jølster som hadde sin første kamp for sesongen. I starten var det som ein viss stillingskrig der spelarane jobba for å finne ut av motstandaren. Etter kvart etablerte dei gule meir spel på motstandar sin halvdel. Litt upresist i avslutningsfasen gjorde til at måla lot vente på seg.

Første mål kom etter hjørnespark ca halvvegs i omgang. Ballen slått av Agathe gjekk høgt gjennom feltet og duppa ned ved bakerste stolpe. Der kom Una perfekt inn. Litt i villrede over ballen si bane havna ho til slutt på kne og møtte ballen med magen i det den spratt opp frå bakken. Herleg å sjå ballen i mål til 1-0!

Meir press no frå tambar. Vant duellar på midten og spelte fint ut på sidene eller forsøk på gjennomspel i midten. Kamilla var våken og aggressiv på topp. Etter eit gjennomspel stakk Kamilla frå forsvaret og gav alt i det ho jaga ballen som var på veg mot keeper. Keeper nøla litt og det var nok til at Kamilla fekk ei tå på ballen og pirka den forbi keeper og i mål. Herleg jobb som gav resultat.

Mykje losna etter dette. Tambar spelte bredt og spesielt på høgre side fungerte det fint med godt samarbeid og gode innlegg. På mål nummer tre vart ballen spelt ut til Victoria som kom seg fri og fekk slått inn. Amalie fanga opp ballen og vende fint opp før ho la ballen presist bakover i feltet til Elise som då enkelt kunne breiside ballen i mål. Enkelt og greit eit vakkert spelemål.

3-0 stod seg til pause. Mykje godt spel av Tambar med fleire store sjangsar i tillegg til måla. Heading like utanfor og avslutning i stanga på 2 hjørnespark. Også gode avslutningar frå distanse. Bakover stod laget med ei perfekt linje som fleire gangar sette motstandaren i offside. Ellers rydda forsvaret fint opp og brukte keeper i støtte når det var nødvendig.

Andre omgang fortsatte med fint spel av heimelaget. Første mål i omgangen liknar første mål i kampen. Denne gangen er det Elise som jagar ein ball som blir slått inn i bakrom mot keeper. Denne gangen treff dei to ballen nokså likt men Elise er god og får kriga med seg ballen, får kontroll og kan kontrollert sette inn sitt andre for kvelden.

Tambar pressar på og viser fint spel framover. Begge sider er meir involvert og vi ser fine kombinasjonar, bredde i spelet og gode innlegg. Etter kvart så er det Fride som får tatt ned ballen ca på 16 meteren. Ho lagar seg rom og plasserer ballen vakkert i mål. 5-0.

Mål nummer 6 kjem etter ein lekker enkeltmannsprestasjon. Ute på høgresida får Ingrid Marie klokkereint treff på ein ball som sprett framfor ho. Ballen går i ei høg og lang bue mot mål. Keeper venta nok ikkje dette og er litt for langt ute i feltet til å rekke tilbake. Ballen dalar fint ned bak mållinja før den sprett opp i nettaket.

Jølster hadde ikkje så mange sjansar i denne omgangen heller. Keeper og forsvar til Tambar hadde stort sett god kontroll bak på bana.

Mot slutten kom eit av kveldens høgdepunkt. Først og fremst fordi det var effektivt og våkent levert på høgresida. Jølster tok innkast på høgde med eigen 16 meter. I det kastet blir tatt, rykker ei lynrask Henriette forbi sin motspelar. Ho dempar ballen og får kontroll med ei berøring. Framfor seg har ho Victoria til høgre og Fride til venstre. Mellom dei to ligg ein forsvarar. Underteikna trur det kjem ei pasning som vil gi rom for Victoria å gå rundt på kanten. Istadenfor drar Henriette ballen litt innover før ho slår ei perfekt pasning til Fride som går på løp. Ho møter ballen perfekt, får tid og rom nok til å plassere den i lengste hjørne.

Mykje god fotball på stadion og med hard jobbing kjempa jentene Jølster ut av balanse. Alltid kjekt med mål i fotballkampar men også kjekt når vi får sjå fint spel og gode kombinasjonar mellom spelarane. Godt levert med tanke på at det er tidleg i sesongen. Forhåpentlegvis får vi nokre bilete etter kvart, då klubbens eigen pressefotograf var godt plassert på sidelinja. No ventar 2 gode veker med trening før neste kamp som blir ein toppkamp borte mot Dale.

Kveldens tropp:
Julie, Stine D, Henriette, Una, Trine, Silvia, Victoria, Agathe, Elise, Ingrid Marie, Kamilla, Amalie, Guro, Mathea og Fride.

Ref.: Ludvik Slettehaug

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse