Tambar J15/17 starta sesongen med borteseier

Bilde: Klar for kamp mot Gaular 1! Foto: Ludvik Slettehaug.

Tambarjentene slo Gaular 1 3-2.

Tambar J15/17 hadde planer i vinter å melde på 11er lag til årets sesong. Men etter opptelling før påmelding av lag, viste det seg at spelarstallen var for tynn til dette.
Laget har spelarar stort sett frå 2003 årgangen, i tillegg til ein spelar frå 2002 og ein spelar frå 2001. Laget har også muligheit å hospitere opp nokre av 2004 spelarane, som spelar i småjenteklassen.

Då spel i 11er serien vart lagt på is, melde laget seg på i serien for jentelag som speler både 7er og 9er fotball. Det betyr at laget speler både 7er og 9er fotball, litt utifrå kva lag motstander klarer å stille med til kvar kamp.

Tambar J15/17 starta sesongen onsdag kveld, då dei møtte Gaular 1 til 9er kamp på Sande.
I ein jamnspelt kamp, var det til slutt Tambarjentene som kunne juble for seier og tre poeng då dommaren blåste av kampen.

J15/17 9er avd.2
Gaular 1-Tambar 2-3 (1-1)
1-0 Elise Dobbe Personbråten
1-1 Gaular 1
1-2 Elise Dobbe Personbråten
1-3 Ingrid Marie Rygg
2-3 Gaular 1

Tambar sitt lag: Julie Seljeseth Øverland, Una Claussen Thingnes, Henriette Strømsøy Grimset, Ingrid Marie Vatne Rygg, Guro Ask Nordnes, Agathe Abrahamsen Slettehaug, Amalie Fimland Dvergsdal, Fride Ask Nordnes, Trine Standal, Elise Dobbe Personbråten, Mathea Victoria Nigardsøy, Victoria Folkestad.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse