Jamnt då jentelaget møtte AHIL i toppkamp

Det vart ein jamn og spennande kamp, då topplaga i J15/16 avd.2 møtte kvarandre på Naustdal stadion mandag kveld.


Før kampen stod Akvoll/Holmedal med 25 poeng, to poeng meir enn Tambar/Eikefjord-jentene. Så skulle jentene på samarbeidslaget smyge seg forbi på tabellen, måtte dei vinne kampen på stadion.

Det var ein jamnspelt kamp sist laga møttes, då AHIL scora det avgjerande målet på slutten av kampen og vann 6-5.

Også dagens kamp vart jamn mellom dei desidert beste laga i denne avdelingen. Laga fylgte kvarandre gjennom heile første omgang, og til pause var stillinga 3-3.

I andre omgang går AHIL opp i leiinga midtvegs i omgangen. Tambar/Eikefjord er frampå ved fleire høve og har fleire gode muligheiter til å utligne, men det vil seg ikkje.

Gjestane er på ny frampå og set ballen i nettet, og leder kampen 5-3. Men ei scoring til Tambar/Eikefjord ti minutter før full tid, gjer at det vert spenning i kampen att dei siste minutta.

Heimelaget presser på for ei scoring, og AHIL har meir enn nok med å forsvare seg. Men nok ein gong er det Askvoll-jentene som dreg det lengste strået, når ikkje Tambar/Eikefjord får uttelling på sjansane sine. Dermed endar kampen 4-5, og AHIL tryggar fyrsteplassen på tabellen.

God dommer var Martin Hukset.

BILDER FRÅ KAMPEN


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse