Brakseier til Tambar/Eikefjord mot Atløy

Samarbeidslaget Tambar/Eikefjord J15/16 gjorde reint bord, då laget torsdag kveld herja på bana på Atløy. Jentene leda heile 13-0 til pause, og ved full tid stod det heile 24-3!!

Som vi skjønar av resultatet, var det einvegskøyring frå Tambar/Eikefjord si side, som fekk pynta kraftig på målforskjellen sin og trygger med det topplasseringa på tabellen.

Måla kom ved Elise Dobbe Personbråten som sette inn heile 8 mål.
I tillegg scora Hege Gjesdal (7), Elemine Ellingsrud Øyra (3), Karoline Akselsen (2), Lena Einevoll(2), Nikoline Tomassen og Ingrid Ask Nordnes.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse