Solid sesongstart for Tambar/Eikefjord-jentene

Jentelaget til Tambar/Eikefjord starta årets sesong sist onsdag, då laget møtte Dale på bortebane.

Jentene til trenar Tore Personbråten brukte ein heil omgang før dei fekk vinterpausen ut av kroppen, og viste i andre omgang at laget blir å sjå blant topplaga også denne sesongen.

For det var Dalejentene som kom best i gang i seriestarten på kunstgraset i Dale, og Tambar/Eikefjord-jentene måtte sjå at heimelaget gjekk til pause med ein 2-1 leiing.

Men i andre omgang viste jentene på samarbeidslaget frå Naustdal og Eikefjorden gamle takter, og det vart etterkvart liten tvil kor seieren ville hamne.
For i denne omgangen viste Tambar/Eikefjord mykje bra spel, og spela ut heimelaget i store perioder av omgangen og kunne til slutt gå av bana med ein solid 6-2 seier.

Målcorarar for Tambar/Eikefjord var Elise Dobbe Personbråten (2), Hege Gjesdal (2) og Elemine Ellingsrud Øyra (2).


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse