Syril vart for sterke for jentelaget i 2. KM-kamp

Tambar/Eikefjord fekk det som venta tøft i sin andre kamp om KM tittelen, då dei møtte Syril på Syril stadion onsdag kveld. Syril, som er den beste klubben i fylket på aldersbestemte jentelag, har Tambar dårlig erfaring frå tidligare. Blant anna var det Syril som stoppa Tambar sitt småjentelag i fjorårets KM spel.

Kampen onsdag kveld vart ein kamp der ingen ting stemte for Tambar/Eikefjord, og når fyrste måla byrja å renne inn, vart det frustrasjoner og like konstuktivt spel frå Sunnfjordjentene.

Trenar beskriv opplevingane på Syril stadion som total kollaps av spelarane sine, som måtte gå av bana med 2-14 tap, og håpet om KM tittel var dermed over etter kampen i Sogn.

Jentene kan alikevel sjå tilbake på ein flott sesong i seriespelet, der dei vart det beste laget i Sunnfjord. Også KM kampen mot Stryn viste jentene at det bur mykje bra fotballkvaliteter i laget.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse