God andre omgang redda uavgjort i KM kampen

I eit skikkeleg grisevær møttes Tambar/Eikefjord og Stryn til den fyrste KM kampen på Naustdal stadion i dag. Og det var dei raudkledde Strynejentene som kom best i gang i regnværet, og kunne gå til pause med ein 2-0 leiing.

I andre omgang såg det mørkt ut for Tambar/Eikefjord, som ei stund låg under med tre mål. Men ein sterk sluttspurt berga laget for tap, og laget kunne fort ha teke seieren etter mange store målsjanser på tampen av kampen.

1.KM kamp J15/16
TAMBAR/EIKEFJORD-STRYN 4-4 (0-2)

0-1 Stryn
0-2 Stryn
1-2 Hege Gjesdal
1-3 Stryn
1-4 Stryn
2-4 Elmine Ellingsrud Øyra
3-4 Lena Einevoll
4-4 Elmine Ellingsrud Øyra

I ein jamnspela første omgang var det gjestane frå Stryn som kom best i gang, og kunne gå opp i 1-0 leiing etter om lag eit kvarter. Både Tambar/Eikefjord og Stryn spela seg fram til ein del gode målsjanser, men Strynejentene var meir effektive enn heimelaget. For like før fyrste omgang vart blåst til pause, scora Stryn nok ein gong, og kunne gå til pause med ein 2-0 leiing.

Tambar/Eikefjord har som vane å spele gode andre omganger, og dei frammøtte publikummarane hadde trua på det også i dag, då Tambar/Eikefjord er frampå og reduserer til 1-2 tidlig i andre omgang. Eit godt slått hjørnespark frå Ingrid Ask Nordnes får Strynekeeperen problemer med, og Hege Gjesdal er frampå og nikkar ballen i mål. Tambar/Eikefjord tek i ein periode over spelet på bana no, og kjem til fleire gode sjanser. Særlig blir det farlig dei gongene Ingrid kjem fram på høgrekanten og får lagt inn framfor mål. Men Stryn hadde ein god keeper, som redda laget frå fleire baklengs.

Litt mot spelets gang, er Stryn frampå og set inn 3-1. Og berre få minutter etter aukar gjestane til 4-1, og vi på linja ser noko mørkt på at dette skal gå vegen for Naustdal- og Eikefjordjentene.

Men jentene har tydelegvis ikkje gitt opp, og ein scoring frå Elmine Ellingsrud Øyra set fart på laget att, og trua på at dette kan gå. Tambar/Eikefjord er skikkeleg i siget no, og er det klart beste laget der dei ruller opp på både høgre og venste kant, og gjer det travelt for forsvaret og keeperen til Stryn. Og når Lena Einevoll klinkar inn eit frispark direkte i mål kvarteret før slutt, starter også neglebitinga på sidelinja.

Og heimelaget har langt i frå gitt seg, der både tverrligger og målmann redder Stryn for mål i mot. Men ein suser frå Elmine Ellingsrud Øyra kunne ikkje forsvar eller keeper stoppe, og Tambar/Eikefjord hadde utligna til 4-4. Laget pressa på i sluttminutta, og hadde faktisk muligheit til å score både eit og to mål til på slutten.

God 2.omgang av Tambar/Eikefjord som henter innatt gjestane sin 1-4 leiing, og som fort kunne stukke av med seieren etter mykje god jobbing i andre omgang.

Tambar møter Syril på bortebane i den 2.KM kampen. Denne kampen går på Syril stadion onsdag 28.oktober. Stryn og Syril møtes i Stryn lørdag 31.oktober.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse