Tore og jentene inviterer til KM kamp mot Stryn i dag

Naustdal stadion Kl. 15:00 1.kamp om KM tittel J15/16 9er TAMBAR/EIKEFJORD-STRYN Også denne hausten kan trenar Tore Personbråten syne til gode resultat med jentene sine, og inviterer til KM-kamp på Naustdal stadion for andre året på rad. For mange av dei samme Tambarjentene spela også i fjor om KM tittelen, men då i klasse J13/14, etter at laget vann avdelinga si. I år er jentene blitt eit år eldre, og vann som kjent avdelinga si i klasse J15/16 i ein tett kamp mot Askvoll/Holmedal. I tillegg har laget fleire jenter frå Eikefjord på laget i år, difor er namnet på laget Tambar/Eikefjord. Tambar/Eikefjord møter i dag den suverene vinnaren i avdeling 3, som er Stryn. Dette laget har gått gjennom sesongen utan tap, og var heile 15 poeng før laget på andre plass på tabellen, Eid. Vi håpar på godt oppmøte på Naustdal stadion i dag. Tambarjentene treng all støtte dei kan få i kampen om ein KM tittel.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse