Jentelaget vart av avdelingsvinner og spelar om KM-tittel lørdag

Trenar Tore Personbråten og jentene på Tambar/Eikefjord kunne onsdag kveld juble etter å ha blitt vinnar av avdeling J15/16 9er avd. 2. I tillegg til at laget vart avdelingsvinner, skal også Tambar/Eikefjord ut i KM kamper mot avdelingsvinnarane i Sogn og Nordfjord. Allerede lørdag spelar jentene til Tore sin første KM-kamp, ein kamp som vert spelt på Naustdal stadion. Avgjerelsen om kven som skulle bli avdelingsvinner, og få retten til å spele om KM-tittel, stod mellom erkerivalane Tambar/Eikefjord og Askvoll/Holmedal. Samarbeidslaget med spelarar frå Naustdal og Eikefjord låg best an før sesongens siste kamp som vart spelt onsdag kveld. Tambar/Eikefjord måtte minst spele uavgjort i bortekampen mot Høyang, for å være 100% sikker på å bli avdelingsvinnar. Og det skulle bli ein svært så spennande kamp i Høyanger, meir spennande enn trener Personbråten sette pris på. For det var heimelaget frå industribygda som kom best i gang, og som gjorde det surt for gjestane frå Sunnfjord. For Høyang var skikkelig på høgget i den fyrste omgangen, og det såg ganske så mørkt ut, eller heilsvart, når heimelaget leda heile 5-0 til pause. Kva trenaren sa til jentene i pausen, har vi ikkje fått på det reine. Men tydeleg har det virka, for det var heilt andre takter frå Tambar/Eikefjord i andre omgang. Med laget si fyrste redusering til 1-5, kom også vitamininnsprøytinga laget trengte. Utover omgangen var laget totalt dominerande, og jentene scora jamnt og trutt utover omgangen. Med utligning til 5-5 på slutten av kampen, var også jobben gjort. Laget hadde dermed henta inn att leiing til heimelaget, og Tambar/Eikefjord tok det eine poenget dei trengte. Tambar/Eikefjord sine mål mot Høyang vart scora av Elise Dobbe Personbråten (3), Hege Gjesdal og Elmine Ellingsrud Øyra. Dermed er det klart for KM-kamp på Naustdal stadion lørdag 24.oktober kl. 15:00, mot Stryn.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse