Går mot avdelingsseier og KM sluttspel

Samarbeidslaget Tambar/Eikefjord tok ein viktig, og kanskje avgjerane, seier mot Dale onsdag kveld. Laget spela då sin nest siste kamp for sesongen, og jentene vann kampen 5-2 på Naustdal stadion.

Dette betyr at laget held godt fast på leiinga i J15/16 avdeling 2, og mykje skal gå gale om ikkje laget vert avdelingsvinner og får retten til å spele om KM tittel. Sjølv om det står att ein kamp for Tambar/Eikefjord, skal mykje gå imot om dette ikkje held heilt i mål.

Tambar ligg på tabelltoppen med 34 poeng og heile 117-42 i målforskjell. På andre plass ligg Askvoll/Holmedal med 28 poeng og ein målforskjell på 100-56. For å være 100% sikker må Tambar/Eikefjord ta eit poeng i sin siste kamp, som er borte mot Høyanger. Taper dei her, er fortsatt sjansane for å bli avdelingsvinner svært god. For med den gode målforskjellen til Tambar/Eikefjord gjer at Askvoll/Holmedal må vinne dei to kampane sine med totalt 30 mål!

Jentene til trener Tore Personbråten vart også i fjor avdelingsvinner, men då i jenteklassen under, J13/14. Den gongen vart Syril (som er frå ein av dei flottaste bygdene i Sogn!) for sterke for Tambar i spelet om KM tittel.
Også i år vil Syril være ein av motstandarane om eit eventuellt spel i KM sluttspelet, då dei er suverene i Sogne-avdelinga.

I avdeling 3, Nordfjord-avdelinga, er det Stryn som er på tabelltoppen, og som får retten til å møte Syril og mest trulig Tambar/Eikefjord om spel om KM tittelen. Tambar/Eikefjord møter Høyang borte på onsdag 21.oktober.

TABELL: http://www.fotball.no/fotballdata/Turnering/Tabell/?tournamentId=145000


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse