Jentelaget med godt spel og storseier mot Høyang

Trenar Tore Personbråten var noko usikker i forkant av kampen mellom Tambar/Eikejord og Høyang på Naustdal stadion onsdag kveld. Då tre av lagets eldste jenter for tida er på skuletur, måtte han stole på at dei yngste spelarane skulle gjere jobben mot jentene frå Sogn. Og det skulle vise seg fort at trenaren hadde lite å frykte når kampen var komen i gang. Sjølv om det var jevnspelt i starten av kampen, var det heimelaget og Hege Gjesdal som var giftigaste framfor mål. For med to kjappe mål av Eikefjordjenta, trur vi også at pulsen til tenaren roa seg litt. Eit lite pulshopp fekk han nok når Høyang reduserte til 1-2, men dette skulle vise seg å berre være eit skremmeskot frå bortelaget. For herifrå og ut eigde Tambar/Eikefjord kampen, der jentene spela til tider flott fotball og sette inn ytterligere tre mål før pause. Dermed kunne heimelaget gå til pause med ein fult fortent 5-1 leiing. Jentene fortsette med periodevis festfotball i andre omgang, og fråværet frå dei eldste spelarene var det ingen som tenkte på. Og sjølv med den allerde store leiinga laget hadde, stod jentene på med god jobbing gjennom heile andre omgang. Noko som sjølvsagt gav uttelling i målprotokollen. Heile seks scoringar vart det for laget i denne omgangen, og kampen enda med målfest og 11-1 seier. Jenter 15/16 Tambar-Høyang 11-1 (5-1) 1-0 Hege Gjesdal 2-0 Hege Gjesdal 2-1 Høyang 3-1 Elmine Ellingsrud Øyra 4-1 Elmine Ellingsrud Øyra 5-1 Elise Dobbe Personbråten 6-1 Hege Gjesdal 7-1 Elise Dobbe Personbråten 8-1 Hege Gjesdal 9-1 Hege Gjesdal 10-1 Elmine Ellingsrud Øyra 11-1 Hege Gjesdal God dommer: Martin Hukset

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse