Jentelaget avgjorde i andre omgang mot Dale

Tambar/Eikefjord i jenteklassen J15/16 tok sin andre seier etter oppstart i haustsesongen, då dei vann bortekampen mot Dale onsdag kveld. Samarbeidslaget til Tambar/Eikefjord fekk god motstand frå Dalejentene i fyrste omgang, og det var heimelaget som kunne gå til pause med ei 3-2 leiing. Men i andre omgang sette Tambar/Eikefjord inn eit ekstra gir, og gav ikkje Dale nokon forhåpningar om poeng i denne kampen. Heile 5-0 vann jentene til trener Tore Personbråten andre omgang, og dermed ein konfortabel 7-3 seier til Tambar/Eikefjord. J15/16 9er fotball Dale-Tambar/Eikefjord 3-7 (3-2) Tambar/Eikefjord sine mål: Hege Gjesdal (5) Elise Dobbe Personbråten (1) Ingrid Ask Nordnes (1) Sjølvmål (1)

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse