Ny storseier til Tambar/Eikefjord i kveld

Tambar/Eikefjord står fortsatt utan tap etter onsdagskveldens kamp borte mot Florø. Ikkje hadde vi trudd at sesongens fyrste tap skulle kome i kveld heller, etter det laget har vist i sine fem fyrste kampar i år.

I Florø var det egentlig grei «skuring» for samarbeidslaget frå Naustdal og Eikefjord, og hadde små problemer med jentene frå kystbyen. I eit skikkeleg grisevær med striregn og vind frå alle kantar, gjekk Tambar/Eikefjord til pause med solide 4-0.

Med sjøsprøyt i håret, fortsette jentene å trøkke på også i andre omgang. Og med like mange mål i denne omgangen, kunne laget gå av bana med ein konfortabel 8-0 seier.

Hege Gjesdal vart laget sin mestscorande i kveld, med heile fem mål. I tillegg til Hege sine mål, scora Elmine Ellingsrud Øyra (2) og Elise Dobbe Personbråten.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse