J15/16: Jentelaget med forrykande kamp mot Høyang

Jentelaget til Tambar/Eikefjord møtte eit godt lag då dei spela bortekamp mot Høyang onsdag kveld. Og det skulle bli ein jamnspela kamp, der laga fulgte kvarandre gjennom heile kampen.

Elise (bilde) sendte Tambar/Eikefjord opp i 1-0 og 3-2 leiing.

J15/16 9/7er avd.2

Høyang-Tambar/Eikefjord 4-4 (2-2)
0-1 Elise Dobbe Personbråten
1-1 Høyang
1-2 Hege Gjesdal
2-2 Høyang
2-3 Elise Dobbe Personbråten
3-3 Høyang
3-4 Elmine Ellingsrud Øyra
4-4 Høyang

Trenar Tore Personbråten betengner kampen mellom Høyang og Tambar/Eikefjord som ein forrykande fotballkamp, der jentene til Tore møter eit sterkt heimelag beståande av 1999 og 2000 spelarar. Fleire av desse spelar også på damelaget til Høyang.

Med fleire spelarar ute med skade på det unge Tambar/Eikefjord-laget, er det liten tvil om at laget også i denne kampen viste gode prestasjoner der laget var nær å returnere frå Høyanger med seier og tre poeng.
Tambar/Eikefjord leda 4-3 når kampen går mot slutten, men må sjå at heimelaget utligner til 4-4 berre få minutter før slutt.

Laget til trener Tore Personbråten står dermed med imponerande fire seierer og ein uavgjort etter fem spelte kampar i serien, og topper med det tabellen.
Neste kamp for laget er bortekamp mot Florø. Denne kampen vert spelt onsdag 3.juni.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse