Jentelaget med nok ein storseier - slo Gaular i kveld

Samarbeidslaget Tambar/Eikefjord tok sin tredje seier på rappen i kveldens «heimekamp» på kunstgraset i Eikefjord.

I kveldens kamp var det jentene frå Gaular som skulle måle krefter mot eit godt Tambar/Eikefjord-lag.
Som ved dei to første kampane til laget, feia dei også denne gongen motstandarane av bana med mange mål og flott fotball.

Ved pause var heimelaget i føringa med 1-0.
I andre omgang har tydelegvis Tambar/Eikefjord-jentene sikta inn skuddfoten, for også i denne kampen vart det scora mange mål.
Jentene sette inn heile sju mål etter pausen, og med Gaular med sine to scoringar, enda kampen med solide 8-2 til Tambar/Eikefjord.

Målscorar i kveld vart: Hege Gjesdal (4), Elise Dobbe Personbråten, Sandra Grimset, Ingrid Ask Nordnes og eit sjølvmål.

Neste onsdag har du muligheit å sjå jentene i aksjon, då spelar dei heimekamp på Naustdal stadion mot Dale.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse