J15/16: Tambar/Eikefjord med storseier mot Askvoll/Holmedal

Tambar/Eikefjord sitt jentelag spela i kveld sin andre kamp for sesongen, då dei møtte Askvoll/Holmedal på bortebane.

Askvoll/Holmedal, som mønstrer gode jentelag i serien år etter år, måtte i kveldens kamp, mot eit godt Tambar/Eikefjord-lag, sjå at dei vart både eit og to hakk for små.

Tambar/Eikefjord som vann den fyrste kampen 9-1 mot Florø, fortsatte sitt scoringsshow også i kveldens kamp.

Laget hadde god kontroll på heimelaget i fyrste omgang, og leda fullt fortent 4-2 til pause.
I andre omgang klarte ikkje Askvolljentene å henge med jentene frå Naustdal og Eikefjord, noko resultatet seier det meste om. Tambar/Eikefjord vann kampen med solide 8-4.

Bursdagsjenta Elise Dobbe Personbråten gav seg sjølv og laget bursdagspresang med to scoringar i kveldens kamp. Toppscorer i kveld vart Hege Gjesdal med heile fire mål, medan Elemine Ellingsrud Øyra scora eit, og eit av måla var sjølvmål.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse