Tambar/Eikefjord med godt spel og mange mål mot Florø

Tambarskjelvar og Eikefjord stiller også denne sesongen med samarbeidslag. I år spelar jentene i klasse Jente 15/16, speler 9er fotball og laget heiter Tambar/Eikefjord.

Laget speler sine heimekampar både i Naustdal og Eikefjord i sesongen, og onsdag kveld møtte laget Florø i sin første kamp for året, der dei kunne gå av Naustdal stadion med konfortabel og overbevisande 9-1 seier.

Tambar/Eikefjord har eit godt lag i år, og var fleire hakk bedre enn gjestane frå Florø i denne kampen. Jentene har tydeleg hatt ein god utvikling gjennom vintertreningen, og laget viste mykje bra fotball i sesongpremieren på stadion.

Allerede etter få minutters spel gjekk laget opp i leiinga ved kveldens toppscorer Elise, og laget malte på vidare gjennom heile omgangen, og hadde utallige målsjanser. At laget «berre» scorer tre mål i fyrste omgang, må utur og litt udyktigheit frå spelarane ta, pluss at keeperen frå Florø spela ein god kamp med mange bra redningar. Også Tambarkeeper fekk vist seg fram i første omgang, då ho mesterlig redda eit starffespark.

I andre omgang løysna det noko meir for jentene på Tambar/Eikefjord, og sette inn heile seks mål i denne omgangen.
Dermed vart det ein god start for samarbeidslaget og trenar Tore Personbåten i årets første seriekamp, der vi nok kan vente mykje bra fotball frå dette laget utover i sesongen.

J15/16 9er
TAMBAR/EIKEFJORD-FLORØ 9-1 (3-0)
Mål Tambar: Elise (5), Hege (2), Elemine og Ingrid.

God dommer var Martin Hukset.

BILDER FRÅ KAMPEN: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/J1516TambarEikefjordFlor290415


LAGBILDE:
Bak frå venstre: Nikoline Tomassen, Sandra Grimset, Eira Rimmen, Ingrid Ask Nordnes, Lena Einevoll, Julie Solhaug Dale.
Framme frå venstre: Hege Gjesdal, Elise Dobbe Personbråten, Oline Stuhaug Birkeland, Martine Solheim, Karoline Akselsen, Elemine Ellingsrud Øyra.

Bilder Tambar-Florø: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/J1516TambarEikefjordFlor290415

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse