- 7/6-14
- Jenter 15/16
Jentelaget med storseier mot Førde
Eikefjord/Tambar tok ein konfortabel seier då dei møtte Førdejentene til kamp på Naustdal stadion fredag ettermiddag.
Samarbeidslaget til Eikefjord og Tambarskjelvar var best i alt, og leda 4-0 i regnværet til pause.
Med like mange scora mål til heimelaget også i andre omgang, vart det ein klar og velfortent seier til Eikefjord/Tambarjentene. At Thea Bygstad (bilde) i heimemålet måtte sleppe inn eit trøstemål til Førde, la ikkje noko dempar på gleda over å ha vunne med heile 8-1.
God dommer var Tore Personbråten.
Denne artikkelen er over fem år gammel (7/6-14) og kan inneholde utdatert informasjon.
For nye artikler, se forsiden.