Samarbeid mellom Tambar og Eikefjord også i år

Tambarskjelvar Fotball og Eikefjord Fotball samarbeider også denne sesongen, og stiller med samarbeidslag i klasse Jente 15/16, som dei gjorde i fjor.
Tirsdag kveld samlast leiarane for dei to klubbane og vart einige om rammene for samarbeidet i sesongen 2014.

Samarbeidslaget heiter Eikefjord/Tambar, der Eikefjord Fotball tek den admistrative delen. Laget vil spele i Eikefjord sine oransje drakter, og hovudtrenar for laget er Eikefjordjenta Marte Barlund.
Laget vil i vinter trene to ganger i veka, tirsdag i Naustdal og torsdag i Eikefjord. Treningane i Naustdal trener laget ilag med småjentelaget, med Tore Personbråten som treneransvarlig.

Laget speler 7er fotball i årets sesong, der kampane vil gå både i Naustdal og Eikefjord.

BILDE f.v.: Tore Personbråten (Tambartrener smj), Bjørn Hundershagen (Leiar Tambar Fotball), Anne-Len Vågane (Leiar Eikefjord Fotball), Anette Barlund (Oppmann Eikefjord/Tambar). Hovudtrener for Eikefjord/Tambar var ikkje til stades.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse