J15/16: Uavgjort mot Høyang i går - målkalas mot Førde i dag

Jentelaget til Tambar/Eikefjord har spelt to kampar på rappen. I går spelte laget mot tabell-leder Høyang, ein kamp som enda 3-3. Ifylje rapportane var Tambar/Eikefjord på høgde, og vel som det, med Høyangerjentene, og kunne med meir tur ha teke alle poenga i denne kampen.

Kor seieren skulle hamne i kveldens kamp var det ikkje mykje tvil om. Tambar/Eikefjord var fleire hakk bedre enn jentene frå Førde, og vann kampen med kalassiffera 16-5. I tillegg til alle måla Tambar/Eikefjord-jentene laga, burde dei etter rapportane ha scora endå fleire mål enn dei seksten dei sette bak Førdekeeperen.

Begge kampane vart spelt på Eikefjord kunstgrasbane.

Tambar/Eikefjord sitt jentelag har enno tilgode å tape denne sesongen, og har fyljande resultat so langt:

Tambar/Eikefjord-Askvoll/Holmedal 4-2
Jølster-Tambar/Eikefjord 2-9
Tambar/Eikefjord-Høyang 3-3
Tambar/Eikefjord-Førde 16-5

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse