J15/16: Tambar/Eikefjord vann i serieåpninga i kveld

Bilde: J15/16 Tambar/Eikefjord.

Tambar Fotball og Eikefjord Fotball samarbeider i år med å stille felles lag i klassen Jenter 15/16. Begge klubbane hadde før årets sesong lite spelarar tilgjengeleg, og valgte å inngå eit samarbeid i vinter for at jentene i denne aldersklassen i dei to bygdene skulle få ha eit fotballtilbod.

Samarbeidslaget, som har fått navnet Tambar/Eikefjord, sesongåpna på Naustdal stadion i kveld. Laget fekk vitjing av jentene frå Askvoll/Holmedal.

Det vart ein jamnspelt kamp mellom dei to jentelaga, men Tambar/Eikefjord fekk scora eit mål meir enn gjestane til pause, der stillinga var 2-1.

Andreomgangen var like jamn som den fyrste var, og laget følgte kvarandre gjennom nesten heile omgangen. Men mot slutten fekk Tambar/Eikefjord sett inn dei to avgjerande måla som gjorde at dei kunne dra seieren i land med 4-2.

Dermed fekk samarbeidslaget ein god start på sesongen og sine fyrste 3 poeng.

Bjørn Hundershagen hadde full kontroll som kampleiar.

Meir om kampen vil du finne på Eikefjord Fotball sine heimesider: http://www.eikefjord-fotball.no/


BILDER FRÅ KAMPEN:

Les mer: Bilder 2013


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse