- 21/3-13
- Jenter 15/16
J15/16: Tambar og Eikefjord med samarbeidslag
Tambar Fotball og Eikefjord fotball er blitt einige om å stille med samarbeidslag i klasse Jenter 15/16 i årets sesong, og representantar frå styra i klubbane kom i kveld saman og signerte søknaden til Sogn og Fjordane Fotballkrets om eit felles lag i årets serie. Laget kjem til å spele 7er fotball.
Grunnen til å danne eit samarbeidslag over kommunegrensene, er at begge lag har få spelarar i denne jenteklassen og hadde truleg måtte trekke laga sine frå årets sesong.
Dermed vert det to lag i årets sesong der Tambar Fotball og Eikefjord fotball samarbeider om lag, då klasse Gutar 15/16 tidlegare i år også danna eit samarbeidslag frå dei to klubbane.
Denne artikkelen er over seks år gammel (21/3-13) og kan inneholde utdatert informasjon.
For nye artikler, se forsiden.