Tambar J12 deltok på Jentefotballens helg

Bilde: Tambar J12 under Jentefotballens helg i Kaupanger i dag.

Tambar J12 fekk mange treningskampar i dag, då laget var til Kaupanger og Jentefotballens helg.

Kaupanger IL inviterte til “Jentefotballens helg” denne helga. Målsetjinga med helga er at jentefotballen skal vere i fokus, der jentene skal ha det kjekt med fotball, og ein skal få kamptrening utan fokus på resultat, sluttspel og tabellar.

Tambar Fotball var representerte med to lag i Kaupanger, der Tambar J12 stilte med to 7er lag. Med fire kampar til kvar av laga, vart det full fart for jentene denne søndagen og ein flott gjennomkøyring til årets seriestart.

Sjølv om ikkje været var heilt på arrangørane si side denne helga, er tilbakemeldingar frå trenarar og spelarar til Tambar J12 berre positive.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse