Spennande mellom Tambar og Førde 4

Bilde: Tambar J12 sesongen 2017.

Det var høg puls både hjå Tambar- og Førdetrenaren då Tambar og Førde 4 i klasse J12 møttes til kamp på Naustdal stadion torsdag kveld.

Jenter 12
Tambar-Førde 4 2-3 (2-2)
0-1 Førde 4
1-1 Oda
2-1 Johanna
2-2 Førde 4
2-3 Førde 4

God dommer: Ingrid Marie Rygg

Sesongavslutning for J12 på Naustdal stadion torsdag kveld, mot Førdelaget som har vunne alle kampane sine denne sesongen.

 Det vart ein jevn kamp i kveld, der begge lag måtte jobbe hardt og halde trykket heilt til ein god dommar Ingrid bles av kampen.

Førde tok leiinga 1-0, men like etter utlikna Oda til 1-1. Johanna sendte Tambar opp i ein 2-1 leiing, men Førde utlikna 2-2 like før pause.

Andre omgang var svært spennande med gode målsjangsar begge vegar. Førde fekk mot slutten målet dei trengde til å vinne 3-2. Trass tap skal jentene våre ha mykje skryt for innsatsen i kveld.

Dei har vist god framgang i sesongen og kan vere godt nøgde med innsatsen og resultata! 

Ref.: Oddvar Hukset

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse