Storseier til Tambar

Tambar J12 og trenar Oddvar Hukset med pauseprat.

Tambar J12 starta haustsesongen med storseier på Naustdal stadion torsdag kveld, med mykje fint spel og fine mål.

Tambar J12 starta haustsesongen på Naustdal stadion torsdag kveld, og motstander til laget denne kvelden var Førde 5.
Desse jentene har hatt ein fin utvikling i vårsesongen, og i kampen viste laget mykje fint spel. Gode kombinsasjoner og bevelgelser, gjorde at laget skapte mange målsjanser. Dette resulterte i mange mål for Tambar, og kunne gå av bana med ein solid 8-0 seier. Til pause var stillinga 3-0.

Vidar Standal hadde full kontroll som dommer.

Trener Oddvar Hukset oppsummerer kampen slik:

Tambar J12 hadde seriestart mot Førde 5 i kveld, eit lag vi har spelt jamnt med før. Ål - cup (med middels resultat) som utfordring og mykje speletid, gav resultat. Jentene dominerte spelet og tok ein komfortabel 8-0 siger. Godt jobba av heile laget.

Best målteft hadde Johanna med 4 mål, medan Annette og Lea Marie scora 2 mål kvar.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse