Tambar J12 avslutta vårsesongen med borteseier

Foto: Linn Cecilie Ullaland Ekreskar.

Tambar J12 reiste til Førde og bortekamp i sin siste kamp før fotballferien, og det var første gang jentene våre spelte kamp på bana på Halbrend. Med alle 12 spelarar med, vart det tett med byter- så ingen sleit seg ut eller vart skada i oppgjeret mot Førde 1.

Jentene kom godt i gang og styrte spelet betre og betre, men leda berre 1-0 til pause etter mål av Sunniva.

Andre omgang vart målrik for begge lag, men Tambarjentene var mest effektive. 2 mål av Johanna og 1 av Oda gav sluttresultat 4-2 til Tambar. Punktumet for kampen med samspelet mellom Lea Marie og Johanna, toppa våravslutninga! Kontroll og ro over pasningar, og plassering av skotet! Kjekt for jentene å vise kva dei kan når lærarane er publikum.

Ref: Oddvar Hukset.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse