Tambar J12: Jamnt spel til tross for 3-6 tap mot Gaular

J12 7er

Tambar-Gaular 3-6 (1-2)

Tambar J12 møtte Gaular for andre gong denne sesongen, og torsdag kveld møttes dei på Naustdal stadion. Det vart ein jamnspelt kamp, der laga veksla på å score mål og der gjestane kunne gå til pause med ein 2-1 leiing.

Tambar åpna andre omgangen best, og utligna til 2-2 kort tid ut i omgangen. Nok ein scoring vart det til Tambarjentene kort tid etter, og laget gjekk med det opp i ein 3-2 leiing.

Men Gaular kom sterkt på slutten av kampen, og fekk putta heile fire gonger før dommar Martin Hukset blåste av kampen.

Sjølv med eit 3-6 tap, var kampen meir jamnspet enn resultatet viser. Tambarjentene kjempa godt på, og viste i perioder fint spel.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse