Tambar J12 vann 7-1 mot Florø

Tambar J12 spelte sin tredje kamp for sesongen då dei tok imot Florø J12 på Naustdal stadion torsdag kveld. Og jentene virka å være i siget for tida, for med seieren mot jentene frå Florø, står Tambarjentene med to seierer på dei to siste kampane.

Trener Oddvar Hukset oppsummerer kampen slik:

Etter mykje om og men, vart det kamp for Tamba J12 mot Florø på Naustdal stadion i kveld.   Tambarjentene kom best i gang, og leda 2-0 allerede etter 6 minuttar spel. Etter kvart vakna Florøjentene og reduserte til 2-1, før dei laga sjølvmål under hardt press frå Tambarjentene.

Halvspelt leda Tambar 4-1, og med god kontroll i andre omgang vann jentene komfortabelt 7-1.
Målscorarar: Anette 3, Johanna 2 og Aurora 1. Skryt til alle spelarar for flott innsats.

Agatha Slettehaug får skryt for ryddig og god dømming.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse