Tambar J12 imponerte i kveldens bortekamp

Tambar J12 spela i kveld bortekamp mot Førde 3, og Tambarjentene imponerte med nok ein seier i Førde. Tambar hadde berre sju spelarar tilgjengeleg til kveldens 7er kamp, og frykta at det kunne bli tøft å spele i sommarvarmen utan innbytter.

Men jentene tok kjapt komandoen i kampen, og fekk si første scoring tidleg i første omgang. Tambar fortsette å presse, og kom til fleire store målsjanser, utan å få utteljing. Også Førdejentene var frampå ved nokre høve, men eit godt forsvar og keeper fiksa biffen, og lot ikkje heimelaget score.

I andre omgang var Tambar fortsatt hakket bedre enn vertane, og viste i perioder mykje fint spel. Kveldens scoring kom då 15 minutter stod att av kampen. Eit presist hjørnespark på bakarste stolpe vart hedda vakkert i venstre kryss og i mål.

Tambar leda no 2-0, og det virka som laget hadde grei kontroll. Men ein skade på ein Tambarspelar, gjorde att laget måtte spele dei siste 10-12 minutta med ein spelar mindre. Førdelaget fekk si scoring like før slutt, og pressa på for utligning. Men Tambarjentene stod imot, og kunne slitne og glade gå av bana med ein fullt fortent 2-1 seier.

Ein imponerande innsats av samtlige jenter!


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse