Tambar J12 starta haustesesongen med 5-2 seier

Tambar J12 fortset i samme spor laget hadde før sommarferien, og kunne gå av bana då laget starta haustsesongen på Naustdal stadion torsdag kveld.

Laget gjekk gjennom vårsesongen med seks seierer, ein uavgjort og eit tap. Vårens einaste tap kom nettopp mot kveldens motstander, Florø. I den kampen vart det 2-4 tap for jentene.

I torsdagens kamp var det Florøjentene som tok leiinga, då ein Tambarspelar var uheldig å sette ballen i eige mål etter hjørnespark. Men dette rista både spelar og resten fort av seg, for Naustdalsjentene sette inn tre mål før pause, og kunne ta ein fortent kvil på stillinga 3-1.

Spenning vart det då gjestane reduserte til 2-3 tidlig i andre omgang. Men på ny tok Tambarjentene tak i kampen, og med ytterliggare to scoringar, vann jentene fullt fortent 5-2.

Etter kampen sette dei sympatiske jentene frå begge lag seg saman for å nyte den gode frukta og var gode vener, sjølv om det eine laget hadde vunne og det andre tapt. LIKER!!

God dommer var Dan Joar Høiås Vårdal.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse