Tambar J12 tok revansje - vann 4-2 mot Florø

Tambar sitt J12 lag har hatt ein flott sesong så langt, og trenarane Svein Øverland og Ann Kristin Nigardsøy er godt nøgde med jentene sin framgang på fotballbana i seriespelet så langt.

Laget hadde før kampen mandag kveld vunne fire kampar og tapt ein. Tapet kom på bortebane mot Florø tidligare i vår, og nettopp Florø var jentene sin motstander denne kvelden på Naustdal stadion. Kampen i Florø var ein jamn batalje, der Tambarjentene tapte med knepne 4-5.

Det vart ein jamnspelt fyrste omgang på stadion mandag kveld, der Tambar viste stor vilje og jobba godt. Det vart ein målfattig omgang, der bortelaget scora omgangens einaste mål og kunne gå til pause med ein 1-0 leiing.

Det vart ein spennande omgang laga stelte i stand etter pausen, og Tambarjentene var sugne på å revansjere tapet dei fekk sist laga møttes. Fleire mål vart det i denne omgangen, der Tambar utligner til 1-1, og deretter gjekk opp i 2-1 leiing. Florø gir ikkje opp og utligner til 2-2. Men herifrå og ut gjer Tambarjentene kort prosess, og har bestemt seg at denne kampen skal vinnast. Laget scorer ytterliggare to mål og vinn med det kampen 4-2.

Flott innsats av alle jentene på Tambar, som får revansjen dei ynskja og påfører Florø sitt første tap for sesongen.

Tambar sine resultat denne sesongen:

Førde 2-Tambar 5-8
Florø-Tambar 5-4
Tambar-Jølster 10-5
Eikefjord-Tambar 3-9
Tambar-Førde2 13-3
Tambar-Florø 4-2


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse