J12: Tambar spela uavgjort mot Førde 3 i kveld

Tambar sine jenter i klasse J12 er enno ikkje ferdig med sesongen, og spelte sin nest siste kamp tirsdag kveld. Laget tok denne kvelden turen til Førde, der jentene møtte Førde 3 til kamp på bana på Haugum. Ifylje trenar Jan Kåre Rygg var det ein god kamp av Tambar. Laget spela fin fotball og kom til mange gode målsjanser mot eit bra Førdelag. Kampen enda til slutt med 1-1, der Fride Ask Nordnes scora Tambarjentene sitt mål. Jentene sin siste kamp for året blir spelt på Naustdal stadion 29.oktober, og møter då Førde 6.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse