J12: Tambar og Eikefjord spela uavgjort

Tambar sine jenter i klasse J12 møtte Eikefjord til lokaloppgjer på Naustdal stadion torsdag kveld. Som ved tidligare møte mellom desse to laga, vart også dette eit tett og jamn kamp. Då laga møttes i Eikefjord tidligare i haust, vart det ein knepen 5-4 seier til dei oransjekledde. Laga følgte kvarandre gjennom heile fyrste omgang, men det var heimelaget som kunne gå til pause med leiinga 3-2. I andre omgang var det berre bortelaget frå Eikefjorden som klarde å score, sjølv om Tambar hadde dei fleste og største målsjansene. Men med bortelaget si scoring i denne omgangen, enda kampen 3-3 og uavgjort. Måla til Tambar vart scora av Siw Line, Henriette og Hanne.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse