J12: Tambar spela uavgjort mot Førde 3 på stadion

Den siste kampen på Naustdal stadion denne veka, vart spelt torsdag kveld. Då møttes Tambar sitt J12 lag Førde 3. Som dei andre Tambarlaga som har spelt på stadion denne veka, viste også jentene til trenar Jan Kåre Rygg mykje fin fotball og flott spel. Laget var spelemessig hakket bedre enn Førde 3 i første omgang, og rulla opp mange flotte angrep og skapte mange store målsjanser. Men berre ei scoring vart det i omgangen, då Tambar scora og gjekk opp til 1-0 like før pause. I andre omgang slapp vi vente lenge på scoring, då Tambar etter berre få minuttars spel aukar til 2-0. Men Førdejentene gav ikkje opp, og reduserte til 1-2 kort tid etter. Denne scoringa gav tydeleg Førde 3 trua på at dei kunne snu kampen, og Tambar hadde det travelt med å forsvare seg ein periode. Men kampen jamna seg etterkvart ut, der både Tambar og gjestane frå Førde leverte mykje godt spel og kom til ein del målsjanser. Kampen enda til slutt 3-3 og uavgjort, der ein god Førde-keeper berga laget, då Tambar hadde dei fleste og største sjansane.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse