Tambar J11 påførte Førde 6 sesongens første tap

Tambar J11 har hatt ein god sesong på fotballbana, der laget har vist store framsteg frå dei starta seriespelet og årets sesong i vår. I dag skulle laget ut i sin siste kamp for i år, og motstander på Naustdal stadion mandag kveld var Førde 6, laget som hadde spelt alle kampane sine denne sesongen utan eit einaste tap.

Tambarjentene gjekk respektlaus ut i kampen mot Førdelaget, og viste tidleg at dei ville gi gjestane kamp om seieren. Med fleire gode sjanser til å gå opp i leiinga tidleg i omgangen, sat ballen i nettet og Tambar var i føringa med 1-0 midtvegs i omgangen. Sjølv om Førde 6 var frampå med nokre greie målsjanser, var det Tambar som hadde dei største sjansane i denne omgangen. Men fleire mål vart det ikkje, og Tambar kunne gå til pause med ein fortent 1-0 leiing.

I andre omgang pressa Førde 6 på for utligning, og i perioder var det stormløp mot Tambarmålet. Men eit godt forsvar og god keeper fekk avverga gang på gang. Og det kunne fort ha enda med fleire scoringar til Tambar på slutten av kampen, då laget kom til gode avslutninger på Førdemålet.

Men det enda med ein sterk 1-0 seier til Tambar, og dermed påførte dei Førde 6 sitt første tap denne sesongen. For oss «nøytrale» publikummarane vart det ein kjekk og spennande kamp, og der det er skjeldan å oppleve ein så målfattig kamp i ein 7er kamp. Men målsjanser var det meir enn nok av.

Ingrid Marie Rygg blir tryggare og tryggare som dommer, og dømte godt i denne kampen.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse