Tambar J11 med haustens første seier

Foto: Øystein Ullaland.

Tambar J11 har møtt fleire gode lag i sine første kampar i haustsesongen, og stod utan seier før møtet med Førde 5 på Naustdal stadion mandag kveld. Det vart ein spennande kamp, og jentene frå Tambar kunne gå jublande av bana etter å ha vunne kampen fortent 2-0.

Trenar Øystein Ullaland oppsummerer kampen slik:

" I kveld spelte vi heimekamp mot Førde 5. Vi hadde ikkje vunne nokon av kampane våre no på hausten, noko som skulle endre seg i kveld. Tambarjentene skulle møte ein motstandar som var like «hungrige» som oss på seier.

Som vanleg var vi noko forsiktige i åpninga, men det var også Førde. Tambarjentene blei etterkvart meir offensive og pressa på. Dette gav utteljing og Tambar fekk ei scoreing, 1-0 til heimelaget.
Tambar fortsette å presse, og kom til fleire målsjansar, utan at det vart noko nettkjenning. Også Førdejentene var frampå ved nokre høve, men eit godt forsvar fiksa biffen, og lot ikkje bortelaget score.

I andre omgang kom Førdejentene meir med i spelet og kom til mange gode sjansar, men keeper holdt buret reint. Etter omlag halvspelt andre omgang fekk ein Tambarspelar sjanse og prikka ballen i mål. Heimelaget kunne gå av bana med seier. Kampen enda 2-0. Eit resultat vi er godt nøgde med.
Dette var ein etterlengta seier etter ein treg hauststart! "

God dommer var Ingrid Marie Rygg.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse