Tambar J11 snudde 0-2 til 3-2 mot Førde 5

Tambar J11 hadde mandag kveld besøk av Førde 5, ein kamp som vart spelt som 7er kamp. Tambarjentene fekk ein dårlig start på kampen, etter at utteljinga i første omgang vart dårlig. For sjølv om laget kom til fleire gode målsjanser, ville ikkje ballen mellom stengene på målet.

Meir utteljing var det då for jentene på Førde 5, som kunne notere eg for to scoingar, og dermed leda 2-0 til pause.

Om det var påfyll av frukta i pausen eller ein god pep-talk frå trenarane, skal være usagt. Men Tambarjentene meir eller mindre sprudla i andre omgang, og klarte å henta inn leiinga til Førde.

Og når jentene også klarer å sette inn vinnarmålet, var det jublande jenter som kunne gå av bana etter å ha snudd kampen og vann 3-2.

Agathe Slettehaug debuterte som klubbdommer i denne kampen, og hadde full kontroll.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse