J11 starta sesongen med 5-2 seier på stadion i kveld

Foto: Øystein Ullaland.

J11 var først ut på Naustdal stadion, då dei sparka i gang sesongen 2016 med seriekamp mot Førde 3 mandag kveld.

Planane med å spele 7er fotball i sesongdebuten såg noko spøkje ut for Tambarjentene, då fleire spelarar måtte melde forfall med skade eller sjukdom. Men heldigvis stilte to jenter frå klasse 2006 seg til disposisjon, og sjuarkampen kunne gå som planlagt.

Tambarjentene kan være godt nøgde med sin fyrste kamp, då dei kunne gå av bana med 5-2 seier. Til pause var stillinga 4-1.

Svein Arne Nordheim stilte med dommerfløyta i dag, i påvente av dei yngre klubbdommarane skal kome ut av vinterdvalen.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse