J11 avslutta sesongen med god kamp og uavgjort mot Førde

Tambar sitt J11 lag spela mandag kveld sin siste kamp for sesongen, då dei møtte eit Førdelag på bana på Slåtten. Ein skikkelig spennande kamp vart det mellom desse to jamngode laga, der det var jentene frå Naustdal som tok leiinga 1-0 i fyrste omgang. Lenge såg det ut som det eine målet til Tambar skulle bli den einaste i omgangen. Men heilt på tampen klarte Førdejentene å utligne, etter eit flott angrep, og laga gjekk til pause på stillinga 1-1. Andre omgangen var berre få minuttar, då Tambar på ny går opp i leiinga. Men som i fyrste omgang, vart det ein kamp som bølga fram og tilbake, der begge laga hadde mange fine angrep og målsjanser. At Førdejentene utligna til 2-2 var vel berre rett og rimeleg, og uavgjort mellom laga må vel seiast å vere eit rettferdig resultat. Tambarjentene, med trener Svein Øverland og Ann Kristin Nigardsøy, har vist god framgang denne sesongen. Jentene har vore stablie på trening, noko som har vist seg att i kampane laget har hatt denne sesongen. På bildet ser vi Tambarjentene ilag med motstandarane frå Førde etter kveldens kamp.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse