Spennande då Tambar og Førde 3 spela uavgjort

Bilde

Tambar sitt J11-lag og trener Svein Øverland starta oppatt haustsesongen med heimekamp på Naustdal stadion mot Førde 3 i kveld. Tambarjentene spela godt og kjempa bra i ein jamn kamp mot Førdejentene. Til pause leda gjestane med knappast mulig margin, 2-1. I andre omgang gjekk Førdejentene opp til 3-1, før jentene frå Tambar sette inn ein god spurt. Med fire mål etter mykje fint spel og god jobbing, var det brått dei som var i leiinga med 4-3. Førde sendte no fleire spelarar på topp, noko som skulle vise seg å gi resultat. For heilt på tampen av kampen fekk dei inn målet bak ein god Tambarkeeper, og dermed enda kampen 4-4 og uavgjort. Flott innsats av Tambarjentene i dag. Men også av Førdejentene, som var med å laga ein spennande fotballkamp.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse