Flott tur til Atløy for J11

Tambarjentene, Jenter 11, hadde ein fin tur til Atløy mandag ettermiddag. Med sol frå skyfri himmel og så og sei vindstille på øya vest for Askvoll, var det nesten så vi trudde det var sommer.

Tambarjentene tykte det var noko uvant å spele fotball med grus under fotballskoa, men vart fort vant til det etter at kampen kom i gang.

Atløy kom best i gang og gjekk opp til 1-0 etter få spark på ballen. Atløy viste stor vilje i kampen, litt meir enn Tambarjentene, og det var greit at seieren vart att på Atløy. Jentene frå øya vann til slutt 3-1.
Dermed stod det 1-1 mellom laga, ettersom Tambar vann sin heimekamp mot Atløy med 10-5 tidligare i vår.

Etter kampen var spelarane frå begge lag smilande og blide, og var lette å be då fotografen bad om eit fellesbilde av jentene. Tambarjentene var einig om at det var ein kjekk tur til flotte Atløy, sjølv om det vart eit knepent tap.
Også dei voksne som var med på turen, var nøgde med mandagsturen til Atløy. Med blide og gjestfritt vertskap hadde dei ei triveleg fotballstund i fineværet.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse