J11: Spennande kamp då Tambar vann mot Førde 1

Tambar J11 spela ein god kamp på Naustdal stadion, då dei møtte Førde 1 til kamp mandag kveld. Samme lag møtte også jentene i sin fyrste kamp for sesongen, då tapte Tambarjentene 0-3 mot Førdejentene.

Tambar åpna kampen med fleire store sjanser, men der ballen ved alle høve gjekk på feil side av målstanga og bak mål.
Utover omgangen fekk vi sjå ein jamnspela kamp med to gode lag. Begge laga hadde fleire muligheiter til å score, men det var berre Tambar som klarte det i første omgng. Eit godt skot og flott mål, gjorde at Tambar leda 1-0 til pause.

I andre omgang kunne Tambarjentene (og foreldre!) juble for 2-0 leiing. Spenning i kampen igjen, vart det då Førde 1 utligna til 1-2. Tambar auker leiinga si til 3-1, men Førdejentene er kjapt framme og utligner att, til 2-3.

Dermed vart det ein spennande kamp med to jamngode lag, og reine thrilleren av ein kamp. No enda seieren til Tambarjentene med 3-2, men flott innsats av Førde 1 som bidrog til spenning til siste slutt.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse