Sesongåpna med nye drakter

Tambar sitt J11 lag åpna mandag kveld sesongen då dei møtte Førde 1 til kamp på Naustdal stadion. Tambarjentene og trenar Svein Øverland satser på å spele alle sine seriekampar som 7er fotball denne sesongen, noko dei også gjorde i kveld.

Men med ein tynn tropp frå Førde, som møtte med sju spelarar i kveld, vart det spelt både 6er og 5er ein periode i kampen. Dette på grunn av nokre skader på Førdejentene i kampens hete, og Tambar tok då spelarar av bana så det var likt antal spelarar på begge lag. Altso, Fair Play i ordets rette forstand!

Resultatet i kampen vart 3-1 til Førde 1, etter at dei leda 2-0 til pause. I andre omgang slapp Tambarjentene seg meir laus, og hadde mange sjanser til å score meir enn det eine dei sette i mål.

Dommer Martin Hukset hadde full kontroll som dommer.

På bildet ser vi jentene i nye drakter for anledningen, og er bak frå venstre: Stine, Mathea, Violetta og Ingelin. Framme frå venstre: Julie, Karoline, Kamilla, Cerina og Ann Oline.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse