God innsats av J11 på Sparebanken Vest Cup

Tambar sitt J11 lag deltok i helga på Sparebanken Vest Cup i Nordfjordhallen. Jentene gjorde ein fin innsats i den flotte kunstgraslagde innendørshallen i Skavøypoll, og kunne returnere til Naustdal med en seier, ein uavgjort og to tap.

Jentene spela i klasse J11/12, og spela fleire av kampane mot eit år eldre jenter. Sjølv om dette vart i tøffaste laget, var jentene godt nøgde med kampane sine. Også trener Svein Øverland er nøgd med innsatsen jentene la ned lørdag.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse