Endeleg vart det seier !

Foto: Ann Kristin Nigardsøy

Tambar 2 sitt J11-lag består utelukkande av jenter frå årsklasse 2004. Laget spelar dermed mot eit år eldre jenter i serien, der seriespel er ein ny oppleving for desse 10 åringane i år.

Fleire jenter har etterkvart kome til laget, der ein denne sesongen tel elleve jenter. Laget har dermed så mange jenter med at dei spelar 7er fotball i dei kampane motstanderlaget også klarer å stille 7er-lag.

Utifrå resultata og tilbakemelding frå lagets trenar Svein Øverland, har utviklinga til jentene vore gode dei siste månadane. Glade vart jentene mandag kveld, då den fyrste seieren for sesongen endeleg var i boks. På bortebane mot Jølster vann Tambarjentene med siffera 10-5, og på bildet ser vi ein glad gjeng som jublar etter endt kamp.

Dette var siste kampen før sommarferien. Fyrste haustkamp for jentene er 18.august, borte mot Førde 3.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse