Seier mot Florø og tap mot Førde for J11 i kveld

Begge J11-laga til Tambar var i aksjon på Naustdal stadion i kveld, der Tambar 1 møtte Florø 2 medan Tambar 2 møtte Førde 3.
Begge laga spela i kveld 7er fotball, noko som vart ein ny erfaring for Tambar 2. Dette laget er utelukkande spelarar frå årsklasse 2004, og har tidligare berre spela 5er fotball. Laget greide seg greit i kampen, og sjølv om det var eit 4-11 tap, trur vi spelarane hadde ein positiv oppleving av kampen.

Tambar 1, som er spelarar frå årsklasse 2003, har meir erfaring med 7er fotball. Laget er etterkvart blitt bra samspelte, noko Florøjentene fekk merke på stadion i kveld. Med 5-0 til Tambar, var det smilande jenter som gjekk av bana då kampen var ferdig.

Søskena Martin Hukset og Stine Hukset dømte kvar sin kamp i kveld, og begge gjorde ein god jobb som dommer.

Nokre bilder frå kampane: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/J11Tambar1Og2190514

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse