Seier i første seriekamp for J11

Tambar Fotball stiller med to lag i klasse J11 i serien i år. Tambar 1 er jenter frå årsklasse 2003, medan jentene i årsklasse 2004 spelar for Tambar 2.

Tambar 1 spela sin første kamp for året på mandag, då dei var i Eikefjord og møtte jentene til dei oransjekledde. Tambarjentene fekk ein knall start på sesongen, og kunne reise heim til Naustdal med seier.

Trenar Jan Kåre Rygg seier dette om sesongens fyrste kamp for jentene:

" Årets første seriekamp gjekk borte mot Eikefjord og enda med ein velfortjent jobbeseier for Tambar. Kampen var jamn og tempoet høgt, noko som merkast i siste 10 min av andre omgang då Eikefjord pressa på men Tambarjentene sto av presset med godt forsvarsspel og helst ledelsen som dei hadde hatt sidantidleg første omgang.

Tambar hadde med desse spelarane: Una, Ingrid Marie, Agathe, Fride, Guro, Trine, Siw Line, Henriette, Hanne, Victoria, Amalie og Eline.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse