Tambar G15/17 vann 2-1 mot Florø 2 på bortebane, og topper med det tabellen.
Gut 15/17 2.div avd 2
Florø 2-Tambar 1-2 (1-0)
1-0 Florø 2
1-1 Magnus Langedal Studsrød
1-2 Muetez "Medo" Jemal Tahir Ahmed
Dagen etter nasjonaldagen drog Tambar sitt gutelag til kystbyen i vest, for å måla krefter mot Florø 2.
Det vart ein noko rotete kamp for Tambargutane i første omgang, der lite stemte. Dette resulterte i at heimelaget kunne gå til pause med ein 1-0 leiing.
I andre omgang var det eit mykje meir samstemt og hardtjobbande Tambarlag på bana. Første utligna Magnus til 1-1, medan Medo sette inn seiersmålet til Tambar.
I tillegg til dei to måla, hadde Tambar mange store målsjanser i andre omgang. Tambar klatrer med det opp på toppen av tabellen med 13 poeng, etterfulgt av Høyang og Florø 2.
Denne artikkelen er over ett år gammel (20/5-19) og kan inneholde utdatert informasjon.
For nye artikler, se forsiden.