Underhaldande kamp mellom Tambar og Florø

Tambar G15/17 låg under 1-3 til pause, snudde kampen til 4-3 leiing.

G15/17 11er

Tambar-Florø 4-4 (1-3)
0-1 Florø
0-2 Florø
0-3 Florø
1-3 Michael
2-3 Tristan
3-3 Tristan
4-3 Jørgen
4-4 Florø

God dommer: Martin Hukset

Det vart ein underhaldande kamp og mange mål, då Tambar og Florø møttes til kamp på Naustdal stadion onsdag kveld.

Det såg stygt ut for Tambar i første omgang, då gjestane tok leiinga, og deretter auka til både 2-0 og 3-0. Men ei Tambarscoring før laga gjekk til pause, skulle tydelegvis gjere godt for Tambargutane inn mot andre omgang.

Og andre omgang vart totalt snudd på hovudet, då det i denne omgangen var hemelaget som kunne prikke inn måla. På ein heroisk måte endra Tambargutane pausestillinga som var 1-3 til 4-3 leiing eit stykke ut i andre omgang.

Det kunne sjå ut til at snuopperasjonen til Tambar skulle lukkast då klokka gjekk mot full tid. Men på ein siste corner for Florø, tek også Florøkeeperen turen framfor Tambarmålet. Og det var nettopp keeperen som skulle sette den siste ballen i nettet denne kvelden, og Florø kunne jubla for det eine poenget i kampen.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse